I dag tenkte eg at eg skulle fortelje noko som hende på Impuls, noko som eg ser tilbake på og gler meg over.
Vel, til saka. På fredagskvelden var det ein fyr som delte eit vitnesbyrd:
«Han hadde heilt plutseleg i omtrent 10 sekund hatt ein intens smerte i øyrene som han definerte som øyresus. Han hadde ALDRI i sitt liv hatt noko smerte i øyrene, og han var overtydd om at dette var frå Gud, og at det var ei meining med det.
Nokon dagar seinare var han ute for å kjøpe sko. Då han kom inn i skobutikken kjende han med eitt noko i han som gjorde at han tenkte at det var nokon i butikken han skulle finne som hadde problem med øyrene. Han kjøpte seg eit par med sko, og ho dama i butikken gjekk mor pauserommet. Noko i han sa at det var ho. So han banka på døra på pauserommet og spurde om ho hadde problem med øyrene sine; det hadde ho! Og det hadde ho hatt i alle år; øyreverk og øyrebetennelsar, og ingenting hadde hjelpt ho. Denne mannen spurde då om å få be for ho. Det fekk han. Same kvelden hende ikkje noko, men nokre dagar seinare var hu heilt helbreda frå all smerte og verk i øyrene!»
Utruleg konge! Etter at han hadde delt dette kjende eg med eitt at mitt venstre øyre verka som berre det. Eg har aldri kjend noko liknande. Du kan sjå føre deg at å vere på ein lovsongskonsert med nokon tusen folk på ikkje akkurat gjorde so godt. Eg tenkte at eg kunne gå tiil forbøn neste dag då, for eg er overtydd om at det verkar. Før møtet neste morgon har det site ein gjeng forbedarar og fått såkalla kunnskapsord; ord som ein gjennom bønn eller anna vil seie ein har fått direkte frå Gud. Ord som hovudverk, kneskade og øyresus vart lest opp. Då tenkte eg at eg bør i alle fall gå å få nokon til å be for meg, i tillegg verka det eine øyret noko sjukt!
So når forbønen byrja gjekk eg og fann ei vaksen dame som eg fortalde det eg nett har skrive her, og ho byrja og be for meg. Vi ba lenge i saman. Fyrst hende det ingenting og eg merka at eg var litt skuffa, men so, mens vi stod der, byrja føtene mine å riste! Eg klarte ikkje å stå på mine egne bein! Men samstundes hadde eg ei god kjensle inni meg; eg er elska, og det er noko godt som skjer no.
Eg veit at Gud arbeidar med og i meg. Eg er langt ifrå perfekt og eg som alle andre har mine ting som eg slit med. Men eg har vissheten om at noko større enn meg sjølve bryr seg, og at eg ikkje er åleine om det! Det gjer meg styrke til om att og om att reisa meg når eg har falt.
Hallelujah!