Ei god stund etter hendinga med forvekslinga av bensinlokk/oljelokk kom eg til å gjere noko anna lurt, som eg tvilar på at eg er den einaste som har gjort.. Eg skulle fylle bensin igjen. Igjen. Eg gjorde som eg skulle – putta kortet mitt inni automaten, slo koden – slik ein brukar å gjere. Medan eg sto der kom far min og skulle fylle ei kanne med bensin til bror min. So eg fylte bensin – tenkte ikkje noko meir over det før eg var ferdig og var komen heim. Bommerten? De som veit ørlite, ørlite om bensin veit at det er to typar bensin som er vanlegast – Blyfri 95 og Blyfri 98. Feilen var at eg hadde valt feil type bensin – medan far min sto og såg på(godt gjort?). Atter ei gong måtte min utruleg gode og kjekke far tømma bensintanken min.
Godt gjort, og dette er berre starten på mine «Tekniske flause».. Eg er utruleg takknemleg for at far min gong etter gong har fiksa opp. Kva eg skulle gjort utan han, det veit eg ikkje.
Nokon andre flinke, tekniske kvinner der ute?
