Ler litt av meg sjølve når eg trudde at det var sundag i dag. Når vekkerklokka så fint(eller ikkje), ringde presis 06.40, sto det ein tanke i hovudet på meg; "Eg treng ikkje stå opp endå, for eg skal ikkje gjere noko fornuftig før 15.00!" Så utruleg feil ein kan ta! Men så kom eg jo (u)heldigvis til meg sjølve og med eitt visste eg at det var nok berre tysdag. So ein veldig bra start på dagen kan ein seie eg fekk.
Mor mi er på veg til Praha no. So i morges måtte eg køyre(ja!) bror min til bussen. Det var utruleg spanandes i grunn. Ein 12 år gammal gut som sat og skalv bakpå skutaren min. Han hadde jo sjølvsagd nok klede på seg.. Jau.. Og det gjekk jo ikkje så utruleg fort at det gjorde noko. For når eg køyrer åleine på mitt blå lyn går det heller ikkje fort, og når ein skal vere to på, seier det seg sjølve at det går litt seinare einn normalt(?).
Hugser sist gong eg køyrde med nokon bakpå(ok, so har det berre hend ei gong!). Då hadde eg og Elisabeth vore på Sandnes, også fann vi ut at vi skulle heim til meg då. Det var og ganske humor i grunn. Ho sat ikkje å skalv, men ho lo. So det var utruleg morosamt. Og eg må leggja til at eg var litt høg, haded nok ikkje gjort det ellers(?). Trur enno vi ler av det?
No sit eg på Byterminalen i Stavanger. Har nettopp gjort meg ferdig med alle matteoppgavene eg kan gjere. So eg håpar matteprøven eg skal ha på fredag går greitt. Undervegsvurderingane hittil har ikkje gått så utruleg bra at det gjer noko… I dag skal eg berre ha to timar på skulen, eller ein dobbeltime i tysk om du vil. Skulle eigentleg hatt eitkvart om psykisk helse i engelsk, men det slepp eg no.
Litlebror min har overtala meg til å byrje med å ta tran(usj!). So ein får håpa at det litle eg har av imunforsvar kan verta betre. Eg har og funne ut at eg mest sannsynleg, eller tuller med, at multivitaminane eg tek gjer meg hyper og overtrøytt. Det kan nok dei i klassen min skriva under på, eller kva?
Korleis er din dag?
-Ann Elin-