om eg skal køyre eller sykle til jobb. Har liksom lyst til begge deler.. På den eine sida kan eg ikkje sykle så mykje lenger.. Men det vart jo seint før eg kjem meg heim.. Hmm.. Eg veit ikkje heilt.. Veldig filosofisk avgjerd så *ehem* tidleg på ein sundag.
Har ikkje blogga på ei stund no, so *shame on me*.. Men eg skal ta det igjen, eg lovar!
Var på jobb i går. På fredag var eg på kino. Såg Harry Potter og Halvblodsprinsen. Den svara ikkje til forventningane mine. Men eg hadde ein utruleg koseleg kveld fordi om. På torsdag rydda eg og vaska rommet mitt(ja, faktisk!) så no ser det veldig fint ut(eller i grunnen greit nok). Har begynnt å pakka til Kontra no. Ei heil veke med folk frå Juvente, og folk eg ikkje har sett på ei stund. Så no vert det ikkje blogging på ei veke – minst! Når eg kjem heim på neste sundag skal eg rett på obb, for så heim og pakka om kofferten min, så vere leder på leir fram til torsdag, så skal eg heim, og så skal eg vere leder på leir frå fredag til sundag og.. Den 17.august skal eg byrja på skulen igjen. Så.. Mykje å gjere fram til den tid..
Har no endeleg fått feriebiletene inn på pc'en:P Så her er nokon av dei:
Piraten. 
Ørna.
Himmelbjerget- Danmarks høgaste punkt med sine 125 m.o.h.
Månefisk..
Eg som sit og ser inn i det store akvarie i Nordsjøocenariumet.
Men no skal eg eta middag, før eg stikk på arbeid.
Korleis ser din dag ut?
- Ann Elin.