“Lykke til, og husk å smile mens du gjør oppgavene! :) “
I dag var eg endeleg ferdig med min siste heildag, for så lenge. Snart kjem jo eksamenane og alt det. Eg gler meg til å verte ferdig med absolutt alt og kunne tenke på alt anna enn skule for ei stund. Synest det har gått sånn heilt greit til nå.
Denne heildagen var det matte som sto på agendaen, og lærarane hadde på siste side lagt til denne fiffige kommentaren:
Lykke til, og husk å smile mens du gjør oppgavene!
![]()
Som om, tenkte eg når eg såg det. Kor mange smilar i grunn når dei gjer matte? Ikkje veit eg.
Eg syns mest eg bør få applaus for dette; eit innlegg utan noko stor meining i grunn. Kjekt at du tek deg tid til å lesa dette tullet mitt.
Er du ferdig med heildagar og prøveeksamen?
God Bless!