Abonner viaRSS-feed

Ubeskrivelegt!

Skrevet av Ann Elin den 08.04.2010 i Generelt | Ingen kommentarer..

I dag tenkte eg at eg skulle fortelje noko som hende på Impuls, noko som eg ser tilbake på og gler meg over.

Vel, til saka. På fredagskvelden var det ein fyr som delte eit vitnesbyrd:

“Han hadde heilt plutseleg i omtrent 10 sekund hatt ein intens smerte i øyrene som han definerte som øyresus. Han hadde ALDRI i sitt liv hatt noko smerte i øyrene, og han var overtydd om at dette var frå Gud, og at det var ei meining med det.

Nokon dagar seinare var han ute for å kjøpe sko. Då han kom inn i skobutikken kjende han med eitt noko i han som gjorde at han tenkte at det var nokon i butikken han skulle finne som hadde problem med øyrene. Han kjøpte seg eit par med sko, og ho dama i butikken gjekk mor pauserommet. Noko i han sa at det var ho. So han banka på døra på pauserommet og spurde om ho hadde problem med øyrene sine; det hadde ho! Og det hadde ho hatt i alle år; øyreverk og øyrebetennelsar, og ingenting hadde hjelpt ho. Denne mannen spurde då om å få be for ho. Det fekk han. Same kvelden hende ikkje noko, men nokre dagar seinare var hu heilt helbreda frå all smerte og verk i øyrene!”

Utruleg konge! Etter at han hadde delt dette kjende eg med eitt at mitt venstre øyre verka som berre det. Eg har aldri kjend noko liknande. Du kan sjå føre deg at å vere på ein lovsongskonsert med nokon tusen folk på ikkje akkurat gjorde so godt. Eg tenkte at eg kunne gå tiil forbøn neste dag då, for eg er overtydd om at det verkar. Før møtet neste morgon har det site ein gjeng forbedarar og fått såkalla kunnskapsord; ord som ein gjennom bønn eller anna vil seie ein har fått direkte frå Gud. Ord som hovudverk, kneskade og øyresus vart lest opp. Då tenkte eg at eg bør i alle fall gå å få nokon til å be for meg, i tillegg verka det eine øyret noko sjukt!

So når forbønen byrja gjekk eg og fann ei vaksen dame som eg fortalde det eg nett har skrive her, og ho byrja og be for meg. Vi ba lenge i saman. Fyrst hende det ingenting og eg merka at eg var litt skuffa, men so, mens vi stod der, byrja føtene mine å riste! Eg klarte ikkje å stå på mine egne bein! Men samstundes hadde eg ei god kjensle inni meg; eg er elska, og det er noko godt som skjer no.

Eg veit at Gud arbeidar med og i meg. Eg er langt ifrå perfekt og eg som alle andre har mine ting som eg slit med. Men eg har vissheten om at noko større enn meg sjølve bryr seg, og at eg ikkje er åleine om det! Det gjer meg styrke til om att og om att reisa meg når eg har falt.

Hallelujah!

Kommentarer (0)

Sjokolade!

Skrevet av Ann Elin den 14.03.2010 i Generelt, Kvardag | 1 Kommentar

Kvifor skal det vere slik at vi får dårleg samvittighet fordi vi nokon gonger tenkjer litt på oss sjølve? Kvifor må vi gong etter gong kjenne den stikkande kjensla etter vi har gjort noko bra for den vi er? Eg har tenkt litt mykje på akkurat det i det siste; og eg kjem ikkje fram til noko svar. Vi har då lov til å vere gode mot oss sjølve i ny og ne? Har vi ikkje? Vi er framleis hovudpersonen i vårt eige liv, er vi ikkje?

Kanskje seier vi i frå om at vi treng kvile, vi treng fri frå jobb eller at vi vil ta oss tid til det vi har lyst til og dette gjer oss ei kjensle av å vere egoistiske. Vanlegvis tenkjer vi kanskje ikkje så mykje på oss sjølve og så når vi gjer det så skal vi kjenna på at vi kunne gjort noko anna vi heller “burde”. Eg veit ikkje om det er noko fleire enn meg kjenner på, men eg vil tru det. Og det er ikkje noko kjekt å ha det slikt, for då er ein ikkje 100% tilstades i noko ein gjer; når ein gjer det ein “bør” så tenkjer ein på det ein heller ville gjort, og omvendt.

Dette gjer meg noko å tenkja på(1.Samuelsbok 25. 30-32):

Når då Herren gjer som han har sagt, og lèt deg få alt det gode han har lova deg, herre, og set deg til fyrste over Israel,  då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha samvitsagg, herre, fordi du har drepe skuldlause menneske og teke deg sjølv til rettes. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestkvinna di, herre!»

Det som vert sagt her er at om vi drep eit anna mennesk eller om vi tek oss 5 minutt i ein travel kvardag skal vi ikkje ha dårleg samvittighet for det! Det er noko flott å tenkja på!

Motivet på biletet gjer meg glad akkurat no. Eit kubbelys, men ikkje berre eit kubbelys. Lys er jo diverse bilete på mykje, men dette kubelyset er so fantastisk at det duftar sjokolade!

Hjartet har eg fått til jul av Bettina, ei god venninne. Det er slik kakemanndeig, og kaka er utruleg hard no, men eg har ikkje hatt hjarte til å ete det.

Kva gler deg nett no? Og har du problem med at du får ei kjensle av dårleg samvittighet når du gjer ting?

Kommentarer (1)

06.Mars 2010

Skrevet av Ann Elin den 06.03.2010 i Generelt | Ingen kommentarer..

Hei! I dag har eg vore ute og tatt nokre bilete. Her for nokre veker sidan var eg så heldig at eg fekk eit kamera av tante og onkel! Det er mykje betre enn det eg har bruka før, so no får de sikkert sjå meir bilete framover. Eg gler meg!

(Ja, her såg de noko av resultatet..)

Ha ein flott dag!

Kommentarer (0)

Hei, folkens!

Skrevet av Ann Elin den 19.01.2010 i Generelt | Ingen kommentarer..

Eg har no flytta bloggen min her til bloggbyen. Kvifor? Jo, fordi eg har i lang tid ynskja forandring. No arbeidar eg med designet og slikt.  So det kjem til å ta ei lita stund før eg får alt slik eg vil ha det. I mellomtida bed eg dykk om å vera tolmodige.

- Ann Elin

Kommentarer (0)

My boobs are all okay!

Skrevet av Ann Elin den 19.01.2010 i Generelt | 2 Kommentarer

That’s right! And so are ur’s!

OK, faktum er at alt for mange menneske har noko dei ikkje likar med seg sjølve, noko dei kan gjere mykje for å prøve å endre på. Ein kan trene meir, ete meir salat, endre klesstilen sin og så vidare. Du veit kva eg formulerar her no, du veit det godt!
Sjå for deg at du har laga ein kopp eller noko i keramikk; noko du elskar, noko du kunne gitt livet ditt for at skulle bli bevart, noko du er utruleg stolt over. Men koppen, den har sjølvstende, den har eigne tankar. Den likar ikkej seg sjølve, den meinar at hanken kunne vore høgare oppe, og at botnen kunne vore større. Ville du ikkje då ha bli knust? Når det du elskar over alt, det du hadde skapt med dine eigne hender slit med å godta seg sjølve slik du har laga den? Når du har brukt tid og kjensler på å laga noko perfekt, og det du har laga ikkje følar seg god nok, kva ville du følt då?
Du er skapt slik du skal vere, og sjølve om det i dine auge vil seie at magen kunne vore litt stramare, musklane litt større eller det du andar for ikkje er godt nok slik du ser det, so er du skapt, du er unik, du er eit av ditt slag. Ingen er kopiar av deg, det fins berre ei oppskrift for deg og for meg. Kva er då det som skal fortelja oss at vi ikkje er gode nok, at vi ikkje er tynne nok, at vi er stygge? Ho her kanskje?
(illustrasjonsbilete frå google.no)
Feil! Ho er som meg og deg berre eit menneske. Ikkje betre på noko vis. Kanskje det virkar som om alt er heilt flott, og at ingen kristne har ting med sin eigen kropp eller presentasjonar dei mislikar. Men det er og feil. Eg slit som alle andre med mine ting; tinga som eg prøver og prøver på, men som eg føler eg ikkje strekk til på, og eg har og mine dagar der spesifikke delar av kroppen min plagar meg. Men noko som er heilt sant er det at etter eg valte å fylgja Jesus for litt over 3 år sidan, har han forandra mine eigne tankar om meg sjølve, han har gjort slik at eg har godtatt meg sjølve og min eigen kropp. Ting skjer ikkje over natta, men gradvis. Berre du let Han vil Han forandre deg. Eg veit godt kor slitsamt det er å gå rundt med slike tankar; det tærar meir enn noko anna på sjølvbiletet eins.

“The Voice of truth tells me a different story
the Voice of truth says “Do not be afraid!
Out of all the voices calling out to me
I will choose to listen and believe the Voice of truth”
- Casting Crowns sin song Voice of truth¨
So, neste gong alle verda sine røyster(og dine eigne) fortel deg kva som er rett, kva med å lytta etter noko anna?
- Ann Elin.
Kommentarer (2)

Noko å sjå fram til!

Skrevet av Ann Elin den 14.01.2010 i Generelt | Ingen kommentarer..

Året til no har vore.. Tja, som alle andre dagar. Eg har gått på skulen, arbeidd og vore med venene mine. I tillegg er eg og så heldig å ha tryna ein del som følgjer av is. Ganske så morosamt skal eg seie! Kor utruleg mykje "løgnare" har vi det ikkje no? Eg elskar det. Latter er digg. Ein er som regel glad, og noko er morosamt. Kan det verta betre?

Eg har kome for seint til skulen som følgje av mykje bilar på vegen og at bussen sat seg fast i grøfta. Ganske stileg ein tidleg og trøytt morgon i grunn. Eg har og fått min fyrste kome-for-seint-merknad. Jojo. Ein termin ferdig og berre ein merknad.
I tillegg har eg rukke å verta eit år eldre, sånn rett over natta. I dag faktisk. So no er eg ikkje 16 meir, men 17. So no er eg stor jente. Har ikkje overmåte mykje tid til dette lenger, sånn sirka 10 dagar sidan eg tok meg tid til dette. Statistikken seiar meg at det er fleire innom kvar dag – utruleg kjekt! Ikkje noko gler meg meir!
Eg gler meg til snøen forsvinn att. Sjølvsagt er det koseleg med eit kvitt landskap, men no er det kanskje nok.
(Teke i Hålandsskogen i sommar/tidleg haust)
Korleis har ditt år vore til no?
- Ann Elin.

Kommentarer (0)

Er det mogleg?

Skrevet av Ann Elin den 04.01.2010 i Generelt | Ingen kommentarer..

Eg sit her i senga mi og ser rundt meg. Rommet mitt er nemleg ikkje så lite at det gjer noko. Eg har alt eg trengjer og mykje skrap som eg i grunn ikkje treng. På nattbordet mitt står restane etter frukosten min; middagen frå i går. No tok eg meg nett i å tenkje at eg ikkje vil ete det, sidan det er kaldt no. Det gjer meg vondt i grunn. Over store deler av verda er det folk som sveltar, og eg kan ikkje eigong ete min kalde frukost når magen min gjer beskjed om at det er tid for mat..

Medan nokon av oss her i bedre land tenkjer på å ta av nokon kilo må nokon menneskje tenkja på å gå opp nokon kilo. Båe deler er vanskeleg, men har du ikkje mat har du eit problem. Et du ikkje på lenge får ikkje kroppen din energi, og då kan det vere vanskeleg å få tak i mat.
- 2 svoltne ungar frå Afganisthan.
(Redd barna sitt bilete)
“Your world is my world, and my fight is your fight”.
- Songen One Time.
Det er urettferdig.
- Ann Elin.
Kommentarer (0)

Eg vil ikkje dette lenger..

Skrevet av Ann Elin den 03.01.2010 i Generelt | 2 Kommentarer

Ærleg talt er eg nokså lei av at bloggen min berre inneheld ting som eg gjer og slikt. Sånn eg tenkte om bloggen eg skulle før eg starta skulle den vera noko annleis, noko som ein ikkje les på andre bloggar. Men det er nok av bloggarar som fortel om dagleglivet sitt. Og for all del, det er veldig fint det og, det er ikkje det eg seiar. Men det er så mykje usagt i å ha ein blogg som er "lik" ein annans. Og vi menneske er jo alt anna enn like. Alle er skapte ulike. Kvifor då blogga om dei same tinga? Kvifor då gå med dei "kule kleda", som andre har godkjent? Kvifor då late som om ein er noko ein ikkje er?

Kva om det fins nokon som godtek deg for den du ER og ikkje det du strevar etter å bli? Kva om det fins nokon som syns du er så utruleg flott og som elskar deg over alt? Kva viss eg seiar at det fins noko eller nokon som ville gjere ALT for å verte kjend med akkurat DEG? Skal eg leggja til at nokon har valt å døy, for DEG, og for alt det gale du gjer. Eg vel å tru at det er sant, at nokon passar på meg og berre vil meg godt. I tillegg har eg ein ven eg alltid kan prate med, som stiller opp når eg treng han, som aldri er optatt med noko anna eller som vert sur på meg. Det handlar berre om å tru, og eg har ikkje angra på valet eg tok. Sjølvsagt vart ikkje livet mitt berre fryd og gammen, det er ikkje det det handlar om; eg har mine stunder som andre, det kan eg lett seie. Men atskilleg betre vil eg våga å beskriva livet mitt som; det har meir verdi, eg ser på meg sjølv som noko, eg har lært å godta meg sjølve som den eg er og synast i grunn at eg er heilt OK. Det er du og!
Kim Walker – Ei utruleg god dame.
- Ann Elin.
Kommentarer (2)

Nest siste dag i desember og 2009!

Skrevet av Ann Elin den 30.12.2009 i Generelt | Ingen kommentarer..

Heihei! Ei stund si eg har tatt meg tid til å posta noko her. Har hatt ei flott jul isaman med familien min. Julafta var ein utruleg spanandes dag; vakna opp til snop i julestrømpen, slappa av foran fjernsynet med gode disney-seriar og etterkvart eit klipp av Askepott, selskap hjå syskenbarnet mitt, god lukt i frå pinnekjøtet, kyrkje, juleevangelium og etterkvart og pakkar og riskrem. Til jul fekk eg i år mest nyttige ting; ein mascara, ei ergonomisk "plate" til å ha pc-en på og mykje anna flott.

Gler meg til nyttårsafta, dvs i morgon vil eg tru. Då skal eg og ein god gjeng til Bettina, og ha det kjekt isaman og feire dette året vi har hatt ilag(halve for meg). Hm, dette er den siste dagen eg kjem til å vakna opp i 2009 for å ha fleire dagar før det nye året. Stileg!
I dag vil eg og seie gratulere med dagen til onkelen min, som er på arbeid ute på plattforma.
Kjem meir etterkvart..
- Ann Elin.
Kommentarer (0)

Eg gler meg som ein unge!

Skrevet av Ann Elin den 17.12.2009 i Generelt | Ingen kommentarer..

GoAnimate.com: Bettina and Anns trip to Seattle by Annilin

Like it? Create your own at GoAnimate.com.

Kommentarer (0)
annonse:
  • september 2010
    m ti o to f l
    « jun    
     12345
    6789101112
    13141516171819
    20212223242526
    27282930  

  • Få din egen blogg!
    Å få en egen blogg er lett. Følg de enkle stegene så er du i gang på få minutter. Lag en blogg NÅ!
    annonse:
    Abonner viaRSS-feed