På fredag gjekk eg rett til bestemor og bestefar rett etter skulen. I 5tida traff eg Bettina og Veronika på ruten. Vi reiste til Kvadrat, og var der ei stund. Hadde det utruleg koselig samen, og eg gler meg til neste goong vi skal finna på noko.
Lørdag vart bruka til ein tur på loppemarked med bestemor og bestefar. Der traff eg og Martha, som eg ikkje har sett på ei stund. Fann meg nokre bøker og ei sangbok blant anna. Eg ser fram til at eg har gangen i gitarspelinga mi igjen. Som du sikkert veit så har strenga mi gått sund, og det har den vore ei stund.. So eg får fiksa det ein dag. Eg var og i selskap hos mitt 11 år gammle syskenbarn.
I dag har eg vore i kongeparken med Elisabeth, Lene, Mats(tantungen til elisabeth) og Iselin som er venninna til Mats. Hadde det utruleg kjekt. Eg har og vore på arbeid, so føtene mine er ikkje heilt nøgde med meg. So eg får prøva å kvila dei no når eg kan.
I morgon skal vi på naturfagsuksesjon. Vi skal sjå på diverse endringar i nokre økosystem blant anna på Øksnavad og på Tengesdal. Gler meg, og trur det kan verta interessant.
No skal eg gjer ferdig matteleksa mi, før eg forhåpentlegvis kan sova.
- Ann Elin.