No er det ein time sidan eg var i Stavanger, på Fiskepiren med hurtigbåten(13.05). Så no er det herleg å endeleg vere heime. Ei heil veke med lite svevn(ikkje i mitt tilfelle.. hihi..), mykje å gjere(mhm..) og enten slappe av på sumarleir eller vere med på landsmøte. Alt i alt har eg hatt ei innhaldsrik veke. Innhaldsrik med stor I..
På mandagen kom vi bort til Furutangen. Vi tok båt fra Stavanger. 
Elisabeth og meg:)
På bryggen møtte vi alle folka som tok i mot oss. Allereie då vart det mykje klemming. Etter kvart møtte vi dei andre vi skulle dele rom med. Det vart Margunn og Gro Anita frå Karmøy.
Margunn, Elisabeth og Groi.
Den fyrste dagen var det ikkje så mykje program, eller det vil seie for meg.. Eg og Olaug tok båten hennar til Sjernarøy for øg henta noko heime sjå ho. Eg køyrde båten tilbake frå Sjernarøy. Det var utruleg kult, sjølv om eg merka det er ei stund sidan eg har køyrd båt no. Skal me sjå om eg får lasta inn biletene frå mobilen og lasta opp bilde når eg køyrar båt. Det var utruleg skummelt, men på ein måte noko heilt anna enn å køyre på veg. Det er fordi eg tykkjer heile sjøen, som er nokre kilometer i lengde mellom diverse øyer utgjer en 40-felts(eller noko i den dur)motorveg. Haha, så sjølve Fridtjof Fomlesen kunne ha køyrd båt.. Trur eg.. Jaja, uansett, her er biletet av meg som køyrer båt:
Olaug er fotograf.
Tysdag var eg på fyrstehjepsseminar. Det var oddvar og Kenneth som lærde vekk.. Noko av det vi lærde var:
HLR(hjertelungeredning)
Sommarskadar
Sikring av frie luftvegar og sideleie
Brudd
Indre og ytre blødningar
og mykje anna..
Her kan du sjå dei:
Onsdagen fekk vi valet om enten få på fottur til Preikestolen eller seminar i Stavanger. Eg valde fottur, og fekk ein hyggeleg tur opp saman med Ranneig frå Bergen. Når vi kom opp tok vi nokre bilete for så å eta nista vår. Her er to av dei:

Nei, det vart vist berre eit.. Veven ville ikkje lasta opp det andre..
Jaja.. Når eg kom att til leirstaden etter turen merka eg at eg var utruleg slapp og varm. Så etter og ha snakka med Røde Kors folka, for så og legga meg i senga mi, vart eg send opp på loftet i isolasjon. Dette er noko av det mest keisame eg har vore ute for, og dagen etter at eg “slapp ut” kom eg inn igjen.. Så, ein del soving, keia meg, spela på mobilen og å senda meldingar til folk innehald isolasjonen min. Men eg var ikkje heilt “åleine” der oppe, for i naborommet låg Marie.. Ikkje det at eg såg noko til henne, då hadde jo heile poenget med isolasjonen vore vekke, men ho var der..
Etter lønsj på torsdagen så var eg på eit drinkkurs. Der laga vi blant anna Iskakao, Summer Breeze og Punsj. Så.. Det er berre og gleda seg til neste gong eg får besøk..
Fredagen blei brukt til såkalla Strandkos(opp til kvar enkelt kva ein legg i det..) Eg var så lur at eg klarte og sovna på brygga, så mine romkameratar tok MITT kamera og tok VAKRE bilete av MEG mens eg sov.. Vurderte og ikkje seie noko om det, men sidan eg er så snill skal eg til og med visa eit av dei, sidan eg sa A..
Sleeping beauty?
Høh..
Jaja, laurdagen hadde vi avslutningsmiddag og det var konsert. Bandet er frå Stavanger og heiter Catalouge. Konge musikk. Digga konserten. Jepp, nok om det.
Har sånn i det store heile hatt ei konge veke, eller slik som fjortissane frå østlandet hadde sagt: Eg har hatt ei grill veke!
Slik eg forstår det så er det irriterande at eg no skriv nynorsk? Men, kven er det sin blogg? Min.. Faktisk.. Nok om det..
- Ann Elin.