So var haustferien atter ei gong over, og alle vi hardslitande, uløna elevar må atter ei gong tilbake til skulebenken. I tillegg til at det er måndag, som bruker å vere ein slapp, trøytt dag(i mitt tilfelle i alle fall..), so har vi då hatt ei veke fri. Sove lenge, vere lenge oppe og alt det som høyrer heime i ein god ferie. Og skulebøkene; dei har låge urørt i sekken min heile veka. Hadde store planar om å komma à jour med matten min, men den gong ei..
Eg har hatt ein herleg ferie. Starta fyrste helga med å arbeida laurdag og sundag. Måndag reiste eg til Weronica og Solfrid, og var der til onsdag. Onsdag til torsdag sov eg hjå Elisabeth. Tok oss og ein tur til Sandnes på torsdagen før eg skulle på jobb att. På fredag reiste eg og Elisabeth med Flaggruta til Haugesund. Der var vi ein tur i Haraldsgata, og på eit senter i sentrum. Vi fekk og sagt «Hei!» til Oddvar, og Phillip fekk vi og sett då bussen hans køyrde forbi oss. Laurdag var vi på Amandasenteret, og kjøpte ein del ting der. Kan nemna at eg fekk kjøpt meg ei ny bukse og ein topp og litt sånn. I går(sundag) gjekk til heimreisa. Eg og venninna mi hadde sjølvsagd sett feil på ruta til Flaggruta, so vi enda opp med å ta kystbussen heim til Stavanger kor vi vart henta. So skulle eg jo sjølvsagd på arbeid. Men har alt i alt hatt ein konge ferie.
No har eg naturfag, eller pause. Straumen har gått, so eg veit ikkje kvifor eg sit her og bloggar… Satsar på at den kjem att snart.
Men det eg hadde planar om å seie var det at bussane i Haugesund, eller busssjåførane, faktisk, er heilt annleis enn her i Sandnes. Då vi tok bussen fra Haugesund City og ut der vi skulle vart vi møtt av noko heilt spesielt: Busssjåføren sa «Hei»! Og når vi skulle gå sa han: «Hadet bra. Ha ein fortsatt fin dag!» Så utruleg ikkje vanleg her, men så utruleg kult!
(illustrasjonsbilete frå Google)
Kva har du gjort i haustferien?
- Ann Elin -