Langfredag. Jesus vert piska og sendt til korset. Han gjekk igjennom fleir umenneskelege timar for at det skulle vere mogleg for meg og deg å kunne vere med Gud, for at du og eg skal kunne erfare Guds kjærleik. Sjølv om vi atter ei gong gjer gale ting! Alle dei tinga vi gjer gale vert spikra til korset saman med Jesus; alle dei syndene vi gjer i dag vert tilgitt – berre vi kastar inn håndkledet og ber om det!
Det er ikkje meir hokuspokus enn som så, vi må berre ville ha det. Og vi må seie at vi vi ha det. Enklare blir det ikkje. Vi blir ikkje rangert etter kor gode vi er og kor mykje godt vi gjer, og vi fortener i grunn ikkje nåden – men Gud har valt å gje den til oss, og å visa det ved å senda sin eigen son(!) til å døy på verste måte.
Så dyp en kjærlighet en fars hengivenhet, utstilt på et kors
så gjennomtrengende og livsforvandlende din omsorg er for meg
Du er min far og jeg er ditt barn (Impuls – Så dyp en kjærlighet)
[youtube]http://www.youtube.com/watch?v=c0Rz6NqSqVM[/youtube]
Så enkelt – så enkelt som å seie “Ja”.
Våg å prøva det ut.
“Smak og se at Herren er god.” (Salme 34.9)