I dag fann eg ut noko merkverdig; det at armane mine og store delar av kroppen min, som knea til dømes, er blå! So i tillegg til at eg har fått influensa, var dette utruleg skummelt og overaskande, for blodårene mine synar betre enn vanleg, og knokane mine er alt anna enn hudfarga.. Men so kom eg på det faktum at dynetrekkt mitt er relativt nytt dynetrekk, og si det er mørkeblått fann eg ut at det måtte vere syndaren. I tillegg har og systera mi opplevd det same. So eg klarte å innsjå kva som hadde hendt nokså fort.
Ja, dette var der jo utruleg stor meining i. No er det jo mest for lenge sidan eg har blogga, og så kjem eg for å fortelja at dynetrekket mitt har farga av, på meg! Veldig bra. Jau, men eg trur hjernen min skal få slappa av igjen, og så får eg blogga igjen ein annan dag.
Har du gjort noko spanandes i det siste?
-Ann Elin-