Vil du at nokon skal fortelje deg kva du er for dei? Føler du at du treng nokon som seiar til deg at du er flink til noko? Treng du nokon rundt deg som bryr seg om deg? Følar du at verda berre er eit svart hol som prøver å sluka deg? Tru meg.. “Vore der, gjort det”. Veit utruleg godt kva eg snakkar om. Og det at eg trengde noko meir, førte til at eg gjorde ting som eg har angra litt på i ettertid. Ikkje vilt store ting, berre ting som eg ikkje følte/føler meg vel med som kven som helst andre kunne gjort. Ting som kunne vore ugjort. Ting som lett kunne vore forhindra. Forhindra så lett av ein ven som gav meg ein klapp på skuldra og fortalde meg at han/ho var glad i meg, at eg betydde ein forskjell. Men det skjedde ikkje, og no er det for seint å gjera noko om.
Ei forandring skjedde. Eg fann noko å halda meg fast i so eg ikkje skulle søkja meir. Eg fann mi redning. Eg fann min veg. Eg lot Jesus ta del i livet mitt. Bekreftelsen kom i form av betigingslaus kjærleik. Kjærleik eg ikkje trong gjere meg fortjent til. Kjærleik eg ikkje måtte gjere noko for å få; berre ta i mot den. Det er det beste valet eg nokon gong har tatt. Eg angrar ikkje eit sekund på at eg har brukt dei, snart, 4 siste åra mine på å fylgje noko større enn meg sjølve. Tid som eg ikkje kunne bruka til noko betre; eg kunne valt så mange andre retningar.. Men eg valte det einaste som høyrdest rett ut. Eg fylgde magekjensla mi til dei grader.. Og eg angrar ikkje. Eg har sett så mykje.Ting eg aldri kjem til å gløyma.. Eg har sett menneske bli friske, for enkle ting som migrene, sportsskadar og så vidare. Gud vil gjere noko for deg, han er så utruleg glad i deg. Du må berre tru det, å ta imot det.
Jesus seiar: «Eg er vegen, sannheten og livet.
