Dagen til no har vore ganske blanda i grunn, men eg er i topphumør! Byrjinga på dagen var flott, eg hadde god tid(trudde eg), og eg vaska alt det nye sengetøyet eg kjøpte i går(havna på rundt 600 kr..) Problemet starta då eg skulle køyre til bussen. Eg køyrde kanskje ørlite for seint. So når eg kom til haldeplassen, hadde to av bussane allereie køyrd. Då tenkte eg at eg nok var heldig, og at den siste kom. Det gjorde den, når eg sto og skulle låsa hjelmen inn i skutaren min. So eg måtte køyra vidare, etter bussen. Utruleg morosamt! Når bussane stoppa to haldeplassar seinare køyrde eg opp bak, inn på fortauet(ja, eg veit ikkje kva eg tenkte på!), heiv han opp på støtta(på fortauet) og sprang med hjelm og det heile inn på bussen.
No har eg pause. Er midt i ein mattetime. Har ein time igjen, pluss eit møte med skulen sin solidaritetsaksjon før eg kan reisa heim.
No lurar du kanskje på kva eg ville med overskrifta mi. Greia er at ein skal seie fine ting til kvarandre! Då er eg overbevist om at det ikkje hadde vor ekrig i verda, om alle hadde gjort det.
Du er eit kjekt mennesk!
-Ann Elin-