Eg har hatt ein utruleg konge dag i dag! Fyrst av alt sov eg sånn ikkje alt for lenge. Trur klokka var 11, eller noko i den dur. So har bror min og far min kome heim frå Polen/Tyskland i natt, so det var kjekt å sjå dei att. I tillegg fekk eg ei heil eske med Capri Sonne, noko eg likar utruleg godt! Dessutan har Weronica sove heime i natt, so ho har eg prata litt med og hatt litt kvalitetstid med. I går var vi to, Kristian(bror min) og ein kompis av han, på Madla og handla. Eg gjekk saman med Weronica der borte, og eg fann eit par ting. Blant anna kjøpte eg meg ein topp på Gina Tricot(og nei, eg skal ikkje visa bilete av han, for eg tykkjer det held me å nemna det. Vil du se bilete av klær andre kjøper kan du lese ein moteblogg..) og eit nytt pudder. Gler meg til å bruka båe deler. Seinare på kvelden køyrde eg til Hana. Der var eg med Bettina & Veronika, og vi hadde ein utruleg koseleg kveld saman!
På fredag var eg, mamma og bror min å bowla. Utan å skryte kan eg seie at eg vann to av rundane trur eg, og sette inn ein del “strikar”.. Uansett hadde vi ein utruleg kjekk kveld saman.
No har eg *ehem* mest nett kome heim fråm arbeid(det var nettopp, før blogg.no klikka, og nokre av verktøya ikkje funka, eller at innlegget mitt på mystisk vis vart sletta..), og har hatt ein spennande, dog lang dag på arbeid. Eg har funne ut at det kan bety så utruleg mykje for eit mennesk om ein smilar til det. So, kjære deg; Smil til verda, og den smilar attende!
-Ann Elin-