Det er berre røyndomma når eg seier at gårsdagen min var ein utruleg dårleg dag. Eg fekk 5poeng på undervegsvurderinga i matte, eg gløymde gymbagen min ved hylla når vi skulle gå bort til gymmen, eg hadde den hovudverken store delar av dagen, ja, eg kan ramsa opp så mykje meir her no, men eg trur det held. Men det eg tenkte eg skulle seie var at sjølv om eg er kristen, så betyr IKKJE det at eg ikkje kan ha dårlege dagar innimellom, eller at eg IKKJE kan slita med ting. Eg kan ha utrulegt gode dagar, men og det heilt motsette igjen. Eg kan og vere heilt oppi skyene fordi eg er så lykkeleg, eller det heilt motsette. Og det er eg eit utruleg godt eksempel på, velg eg å tru. For eg går igjennom ein vanskeleg periode av livet mitt akkurat no, og det går faktisk an, sjølv om eg er kristen. Forskjellen er berre det at eg har nokon eg ALLTID kan prata med, som ALLTID er der for meg, som ALLTID bryr seg om meg, som ALLTID har tid til meg. Høyrest det bra ut? For det er FAKTISK sant!
Men ingen grunn til å miste motet. For no når eg ser ut av vindauget, ser eg; det regnar faktisk ikkje til ei forandring, regnboga stend flott på velven og no ser alt ljost ut.
Men no må eg mest få raua i gir, for eg må vere ute av huset om 5min for å rekka bussen.
So du får ha ein fin dag!
-Ann Elin-