No har eg altså henta pc'en min. Den har vore på reprasjon ei stund no, og på den stunda har det hend ein del. Har no funne ut at Panda, antivirusprogrammet mitt, ikkje likar pc'en min. Men det var ikkje det eg hadde tenkt å fortelja om no. Har nemleg vore på ferie i Danmark i ei veke no, kom heim i går(sundag). I Danmark har eg gjort mykje morosamt. Var ein tur i Tivoli Friheden i Århus ein dag. Var ein relativt kjekk park. Vart forfylgd i radiobilane av ein fyr som berre tenkte at han skulle køyre etter meg – heile vegen! Men eg ser jo det komiske i det.
Når vi skulle ta Cobraen, som er parkens hovudatraksjon for 2.gong, hadde denne lure slangen bestemt seg for og stoppa med eit brak i byrjinga av ein bakke. Heldigvis vart det med denne stoppen, men vi måtte alle gå ned og ut.

Noko vi brukte nokon timar på av og til, var svømmesenteret som låg rett i nærleiken av oss. Der hadde dei eit stort basseng, 1, 3 og 6.meter, sauna, dampbad, leikeland for dei små, vannsklier og mykje anna. Ein annan plass vi bada var i Djurs Sommerland.
Der hadde dei blant anna ei sklie laga som ei elv, som i grunn var kjekk og renna i. Tømmerrenna, Ørna og sjølvsagd Piraten.
Piraten gjekk i 90km/t trur eg og var verkeleg adrenalinframkallande.
Før vi skulle ta «Danskebåten» heim att slo vi i hel ein del timar i Hirtshals, der ferja går frå. Då gjekk vi i gågata der, hadde piknikk ved stranda og var ein tur innom Nordsøen Ocenarium. I ocenariumet fekk vi sjå mykje forskjellig fisk, hai og andre organismar som held til i sjøen. Ein av fiskane som var der var ein såkalla Klumfisk eller månefisk på norsk. Den var skikkeleg kul tykkjer eg. 
Utover det er det ikkje så mykje eg kjem på og skriva. Noko som er verd og nemna er at eg har meld meg inn i mållaget. Eg fekk Benjamin til og melda seg inn i Juvente mot at eg melde meg inn i mållaget(det er nokså difor eg no skriv nynorskl).
Detter trur eg byrjer og verta det lengste innlegget eg nokon gong har skrive, eller kva? Men det byrjar og verta lovleg seint no. So vi får avslutta dette no:)
- Ann Elin. (Stolt nynorskbrukar)