.. og valet blei atter ei gong mitt blåe "lyn"(*ehem*). Ja.. Men eg kan sykla ein annan dag, for akkurat i dag verkar leggmusklane mine som om nokon har prøvd å kvela dei, og eg fekk middag akkurat i det eg burde sykla.. So.. Og eg veit ikkje om eg kan stola på sykkelen min, den klikkar nemleg ganske fort… Nei! Nok orsakingar(takk, Benjamin!)!
Eg skal prøva å forklare kvifor eg valde nettopp det namnet bloggen min har fått.. Når eg no ser ut av vindauget mitt no ser eg heilt til sjøen. Eg ser fleire skogar, nokre vatn, endel hus og ein stor del av himmelen. Kvar gong nokon som ikkje har vore her før er her snakkar dei om den fantastiske utsikten vi har.
Biletet er tatt på nyttårsafta i år/ifjor..
Dette er da noko av grunnen til namnet på bloggen min. Eg reisar forresten i morgon. Eg skal på Kontra. Gleder meg veldig. Må nok pakka litt til før eg reiser, er ikkje heilt ferdig. Men poenget var at eg ikkje drar med meg pc'en min, og dermed vert det ikkje blogging(for dom de har sett før vert det ikkje noko av den mobilblogginga mi) på minst ei veke.
Så de får ha ein fin sommar vidare!
- Ann Elin.