Eg anar ikkje korleis eg skal løyse det i år. Julestria. Gåver til kvar og ein; Familien, vener. No stressar det meg berre ved tanka. Og det er litt over ein månad til. Ikkje det at eg ikkje likar å gje gåver til dei eg held av. Ikkje det. Eller at eg ikkje kan bruka pengar på dei som eg bryr meg om. Eg tykkjer det er spanande å handla. Og bankkortet kan gjerne gå varmt om så var, berre gåva er gjennomtenkt. Det problemet eg har i år er det at eg ikkje veit kva eg skal finna på for noko. Det er fleire år sidan eg slutta å kjøpe to 'Hot wheels'-bilar til brørne mine. Og eg vil gje noko som gjer meir glede enn berre ein film til dømes kan; ein ser den kanskje eit par gonger, før ein set den fint på plass i hylla att. Der støvar den ned, og vert kanskje ikkje tatt ut på lenge, eller aldri i visse tilfelle. Og sokkar og undertøy, det skal tantane mine, og besteforeldra mine få fortsette med å gje. Kva er då att? Kva er det då att å gje?
Når eg tenkjer meg om, kjem eg på at det går an å gje slike meiningsfulle gåver som til dømes ei geit, til nokon som er dårlegare stilt enn oss. Som Kirkens nødhjelp seier, så er gåva symbolsk, og den du gjer gåva til, får eit kort, og så får nokon i eit anna land geita, eller det andre du gir. Eg har ein god ven, som seier at han skal gje ein slik gåve til heile familien hans. Du kan finne slike symbolske gåver her, på Kirkens nødhjelp si side, og kanskje veit de om nokon andre slike sider? Kommentarfeltet er då ikkje berre til pynt(ellers ikkje heller..).

Jente frå Sri lanka, med geitekilling. (illustrasjonsbilete funne på google)
Eg trur eg får grubla meir over dette; det er jo ikkje jul heilt enno. Men ho kjem fort, det skal ho ha. So eg må nok ikkje drøya det for lenge. Har forresten kjøpt ein julegåve, til mi kjære bestemor, til no.
Kor langt har du kome, i førebuingane/innkjøpa du skal gjere før jul?
Nokon gong gitt nokon ei meiningsfull gåve?
-Ann Elin.