Eg har haustferie no. Er på Bryne/Tu hjå Weronica og Solfrid. Har hatt utruleg god tid til å gjera alt og ingenting i dag, sidan båe er på arbeid. Fyrst sto eg opp litt over 06.00, for å drikka te isaman med Solfrid, so når ho gjekk litt over 7 prøvde eg å sova litt. So sto Weronica opp ikkje så lenge etter, og eg prøvde atter ei gong på å sovna. Men det funka ikkje, so eg vart liggjande i senga og høyra musikk fram til eg sto opp igjen sånn rundt 9. Eg åt frokost og gjor meg klar til ein tur ut.
So eg sjekka ut serverdigheitene i område. Ikkje so langt vekke frå der syster mi bur finns der monument, graver og anna frå jernalderen, forlkevandringstida, og andre aldrar. So eg tok nokre bilete, måtte jo stadfesta at eg i det heile teke har vore ute.

Når eg hadde sett meg ferdig, gjekk eg heim att til leigligheita. So var eg der ei stund før eg prøvde å finna ein god veg til Bryne. Sidan eg aldri har gått den vegen var det litt vanskeleg å finna han i det heile. Fyrst fann eg ut at eg måtte gå nedover, so gjekk eg berre, fylgde ein sykkelsti. Og eg fann fram til slutt! Eg fann meg ei lita dagbok/notisbok, etter å ha blitt dassblaut etter å ha gått i regnet. No er eg heldigvis trygt tilbake her igjen, og ventar på at systera mi og Solfrid ska koma heim att..
Korleis har dagen din vore?
-Ann Elin-