“Paradis” hotell?
Eg føler at eg bør kommentera det, og innrømma at eg aldri har sett det. Eg forstår ikkje underhaldninga i det. Er underhaldning i dag folk som har sex på tv, før dei har blitt kjende med kvarandre? Er det underhaldning å sjå eit program der ein skal dela rom og seng med ein av det motsette kjønn i ei veke?
Sitat wikipedia:
Det er opp til hver enkelt hvor langt man er villig til å gå for å få bli værende.
Vinnaren frå Sverige sin versjon i fjor seiar dette etter å ha sett seg sjølve ha sex med romkameraten sin, fyrste dagen, fyrste episoden:
Det er like pinleg kvar gong(eg ser klyppet). Eg angrar ikkje på dette her fordi de tykkjer det er morosamt. Altså, Sverige tykkjer klippet er morosamt, så eg angrar ikkje på det.
Er det slik paradis ser ut? Ein stad der vi bur på eit stort hotell og kvardagane sååsei berre inneheld sex, drikking og folk som gjer ting dei kanskje ikkje var klar for eller eigentleg ville? Ok, eg forstår at dei sjølve melder seg på dette, men vil det seie at dei vil det? At dei er “lause” og “klar for alt”? 300 000kronar lokkar, og eg vil tru at det kan vere enklare å få pengar slik enn å vinne i lotto til dømes. Eg trur ikkje at det paradiset eg ventar den dagen eg reiser frå denne verda kan samanliknast med “Paradise hotel”. Eg trur ikkje at vi kjem til å ha behov eller noko slikt, og at alt berre er glede.
So, av prinsipp, og fordi eg ikkje vil, held eg meg langt vekke frå slike program. Eg forstår at andre kanskje ser underhaldninga i det, men eg for min del seier fint nei takk!
Til slutt vil eg berre nemne at du no kan kome inn på bloggen min via http://annelinhaland.com/
Kommentarer (4)Arkiv
- juni 2010 (2)
- april 2010 (4)
- mars 2010 (3)
- februar 2010 (1)
- januar 2010 (6)
- desember 2009 (5)
- november 2009 (5)
- oktober 2009 (4)
- september 2009 (14)
- august 2009 (9)
- juli 2009 (8)
- juni 2009 (34)
- mai 2009 (26)
- april 2009 (1)
Siste kommentarar:
Søk i bloggen
Å få en egen blogg er lett. Følg de enkle stegene så er du i gang på få minutter. Lag en blogg NÅ!
