Abonner viaRSS-feed

Årsmøte i Rogaland KrFU!

Skrevet av Ann Elin den 24.11.2009 i Generelt | Ingen kommentarer..

I går var eg på årsmøte i Rogaland KrFU saman med Benjamin. Eg hadde ein utruleg kjekk, men LANG dag. Eg ende opp med å verte styrelem(styremedlem) i lokallaget KrFU SGTK(Sandnes, Gjesdal, Time og Klepp). So det gler eg meg til. Er og beden med på bowling med folket i morgon. Ellers har eg ikkje så mykje å seie, skal i bryllaup på laurdag, eit slike bryllaup der folk får rollar, og ein kan ende opp med å vere brud, eller farfaren til brudgommen, eller andre slektningar. Gler meg til det.

Som vanleg sit eg på skulen og bloggar, shame on me! Neidå, men eg trur eg får runda av her, og heller oppdatera dykk seinare.

Korleis er din dag?

-Ann Elin-

Kommentarer (0)

Tralala.

Skrevet av Ann Elin den 23.11.2009 i Generelt | Ingen kommentarer..

Jau, sitter på Byterminalen i Stavanger nå, og venter på Benjamin. OG! For en gangs skyld har jeg da overtalt meg selv til å blogge på bokmål. Ikke fordi jeg er lei nynorsk eller noe, men fordi det er fint med forandring synes jeg. Pluss at vi har sidemål i norsken på skolen, så litt greit å ikke bytte frem og tilbake hele tiden. Jeg og Benjamin skal på årsmøte. Ikke det at jeg vet så mye om hva og hvor, men så lenge han har kontrollen så er det fint. Da har jeg også kontroll.

På vei inn til Stavanger satt jeg på bussen med noen muslimer, noen jøder og kristne mennesker. Utrolig at vi har kommet så langt at en kan ta samme buss uten at det gjør noe. Den ene jøden satt også og leste i gudsboka si,(som jeg beklageligvis ikke husker navn på, siden det er år og dag siden vi har hatt KRL, og jeg blander med Mekka og alt annet(Kan du fortelle meg hva den heter?))

Har også fått gjort noen ærend, siden jeg først er i den store, storbyen. På lørdag, da jeg var med søstera mi, brødrene mine og søskenbarnet mitt, kjøpte jeg altså et laken. Men i dag bytta jeg det, fordi det var en annen type jeg skulle ha, så det er litt greit å ha utav verden.

På torsdag streika så og si alle eleve på skolen min(heter det så og si?). Det fordi rektor og ledelsen bare sånn rett over natta finner ut at de skal endre på timeplanen, og ikke snakker med verken elevrådet eller andre om det. Hvis du vil lese om det kan du klikke deg inn her på Aftenbladet sine sider, eller NRK om du vil.

Ellers så synes jeg trebenken bak meg er utrolig hard mot ryggen min, så jeg krysser fingrer og tær for at Benny snart kommer. Men nå har jeg ihvertfall fått blogga litt, siden jeg ikke er så flink til det for tiden. For jeg har egentlig mye å gjøre for tiden, skole, jobb og alt annet, som opptar mye tid, og tid er noe som ikke vokser på trær. Så bloggingen min blir ikke i høyeste grad prioritert. Var en smart fyr(muligvis Eivind?) som sa at det bare var positivt at en ikke prioriterer bloggen i forhold til andre ting
. picture0003red

Måtte bare slenge med DET flotte bildet av Bettina, meg & Veronika, fra en dag vi kjeda oss i matpausen.

-Ann Elin-

Kommentarer (0)

Bææææ!!

Skrevet av Ann Elin den 14.11.2009 i Generelt | Ingen kommentarer..

Eg anar ikkje korleis eg skal løyse det i år. Julestria. Gåver til kvar og ein; Familien, vener. No stressar det meg berre ved tanka. Og det er litt over ein månad til. Ikkje det at eg ikkje likar å gje gåver til dei eg held av. Ikkje det. Eller at eg ikkje kan bruka pengar på dei som eg bryr meg om. Eg tykkjer det er spanande å handla. Og bankkortet kan gjerne gå varmt om så var, berre gåva er gjennomtenkt. Det problemet eg har i år er det at eg ikkje veit kva eg skal finna på for noko. Det er fleire år sidan eg slutta å kjøpe to 'Hot wheels'-bilar til brørne mine. Og eg vil gje noko som gjer meir glede enn berre ein film til dømes kan; ein ser den kanskje eit par gonger, før ein set den fint på plass i hylla att. Der støvar den ned, og vert kanskje ikkje tatt ut på lenge, eller aldri i visse tilfelle. Og sokkar og undertøy, det skal tantane mine, og besteforeldra mine få fortsette med å gje. Kva er då att? Kva er det då att å gje?

Når eg tenkjer meg om, kjem eg på at det går an å gje slike meiningsfulle gåver som til dømes ei geit, til nokon som er dårlegare stilt enn oss. Som Kirkens nødhjelp seier, så er gåva symbolsk, og den du gjer gåva til, får eit kort, og så får nokon i eit anna land geita, eller det andre du gir. Eg har ein god ven, som seier at han skal gje ein slik gåve til heile familien hans. Du kan finne slike symbolske gåver her, på Kirkens nødhjelp si side, og kanskje veit de om nokon andre slike sider? Kommentarfeltet er då ikkje berre til pynt(ellers ikkje heller..).

jentemedgeitkomp
Jente frå Sri lanka, med geitekilling. (illustrasjonsbilete funne på google)

Eg trur eg får grubla meir over dette; det er jo ikkje jul heilt enno. Men ho kjem fort, det skal ho ha. So eg må nok ikkje drøya det for lenge. Har forresten kjøpt ein julegåve, til mi kjære bestemor, til no.

Kor langt har du kome, i førebuingane/innkjøpa du skal gjere før jul?
Nokon gong gitt nokon ei meiningsfull gåve?

-Ann Elin.

Kommentarer (0)

No er det jul i stua…

Skrevet av Ann Elin den 12.11.2009 i Generelt | Ingen kommentarer..

eller ikkje.. Mor mi har nemleg funne fram julecd-ane sine.. So no blir det skøy.. Rett før eg må ynskja dykk god jul, berre på måfå!

So eg får mest nytta sjanse til å baka nokre sortar julekaker før jula kjem. So eg må gå.

-Ann Elin-

Kommentarer (0)

Eg er blå!

Skrevet av Ann Elin den 12.11.2009 i Generelt | Ingen kommentarer..

I dag fann eg ut noko merkverdig; det at armane mine og store delar av kroppen min, som knea til dømes, er blå! So i tillegg til at eg har fått influensa, var dette utruleg skummelt og overaskande, for blodårene mine synar betre enn vanleg, og knokane mine er alt anna enn hudfarga.. Men so kom eg på det faktum at dynetrekkt mitt er relativt nytt dynetrekk, og si det er mørkeblått fann eg ut at det måtte vere syndaren. I tillegg har og systera mi opplevd det same. So eg klarte å innsjå kva som hadde hendt nokså fort.

Ja, dette var der jo utruleg stor meining i. No er det jo mest for lenge sidan eg har blogga, og så kjem eg for å fortelja at dynetrekket mitt har farga av, på meg! Veldig bra. Jau, men eg trur hjernen min skal få slappa av igjen, og så får eg blogga igjen ein annan dag.

Har du gjort noko spanandes i det siste?

-Ann Elin-

Kommentarer (0)
annonse:
  • november 2009
    m ti o to f l
    « okt   des »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    30  

  • Få din egen blogg!
    Å få en egen blogg er lett. Følg de enkle stegene så er du i gang på få minutter. Lag en blogg NÅ!
    annonse:
    Abonner viaRSS-feed