Eg har vore på leir i helga. Har hatt det kjempefint ilag med 20 andre leiarar og rundt 70 deltakarar. Den fant stad på idylliske, flotte Horve, litt utfor Sandnes. Eg og Ingfrid vart plasserte i leiligheita, for det var ikkje rom for oss i internatet. Der oppe var det BIKKJEKALDT, mildt sagt! Og sengene var mindre en ei vanleg seng. So når Ingfrid på natt til laurdag finn ut at ho skal leggja seg, og ikkje har lagt på lakenet; kva er då ei betre løysing en å ropa til ei sovande Ann Elin: "Flytt deg inn!", og snylta på ei varm dyne? So, det var ganske interessant, ja. Koseleg i grunn, og Ingfrid er ei god jente, det er ho.
Elles skal eg i styremøte i SGTK KrFU i kveld, hjå leiar, Endre. Det gler eg meg til. Sit i grunn no og bloggar, – i norsktimen! So eg trur at norsklæraren min vil setje pris på om eg deltek litt. So får vi sjå seinare.
Dessutan fekk eg ein flott overskrift av blogg.no, når eg ikkje fann på noko tittel sjølve! Gode greier!
Kva ønskjer du deg til jul?
- Ann Elin.
"Ein fisk på land" leveres av Bloggbyen.com
Beskyttet av Akismet
Er noe du lurer på? Kontakt oss!
Lag din egen blogg!